 |
BODY, NOBODY, SOMEBODY – SEPARATUTSTILLING MED FREDDIE ROBINS
Ein gensar, ein hanske, eller ein tevarmar – kjende bruksting frå kvardagslivet. Men ikkje heilt – her er dei manipulerte, og Freddie Robins leikar med oss: Ein gensar har får strømpeleggar i staden for ermar, og ein annan har fått fire ermar i staden for to.
Teksten ”Do I fit in”, er strikka inn i ein banner, og får knapt plass. Kven passar eigentleg inn? Det handlar om kropp, identitet og normalitet. Kva er eigentleg normalt, kven avgjer det, og korleis taklar vi det som avvik frå det normale?
Freddie Robins inviterer til refleksjon og dialog i arbeida sine, som blir viste parallelt med utstillinga til Susie Freeman.
|