SUSIE FREEMAN: "MEDICAL MESH"
Ein transparent, sexy kjole, ei lekker handveske, ein søt barnekjole - alle vakre og prikkete. Men kjem vi nærare, ser vi at dei uskuldige prikkane er tablettar og medisinemballasje lagt inn i små, strikka lommer. Kva er dette?
Kunstnaren Susie Freeman samarbeider med legen Liz Lee, og dei ønskjer å bruke kunst for å gje vanskeleg medisinsk informasjon til pasientar. Initiativet kom frå legen, som i sitt daglege virke såg kor vrient det kan vere å forklare pasientar om vala dei har. Lee ville konkretisere informasjonen, og fann løysinga si gjennom arbeida til Freeman.
I prosjekta sine leiter legen fram aktuelle saker og handsamar materiale på vitskapleg vis. Kunstnaren framstiller forskingsresultata gjennom strikking.
I ”Medical Mesh” samarbeider dei med Haukeland Universitetssjukehus.
|