KARI STEIHAUG: ARVEGODS
Kari Steihaug ser juvelar der andre ser traser og boss, og ho rekkjer bokstaveleg talt opp strikkehistoria vår i prosjektet sitt. Ved å strikke vidare i rekkjetrådane plasserar ho seg sjølv som den siste lekken i tradisjonskjeda.
Det handlar om resirkulering av velkjende strikkaplagg. Men det handlar også om strikketradisjonen og ikkje minst om å heidre dei anonyme kvardagsstrikkarane som trottig har fylt ledige stunder - og liva våre - med strikk. Det handlar om å få auge på det store i det små og gje det den plassen det fortener.
Installasjonen til Kari Steihaug rommar viktige sider av Strikk7 – naughty knitting, og set tonen for strikkeåret. Den vil stå på Vestlandske Kunstindustrimuseum i perioden 17. februar – 15. april 2007.
|