ONLY FIFTEEN – JUBILEUMSUTSTILLING MED OLEANA
Kven eig tradisjonen? Med heile verda som inspirasjonskjelde, finstiller designaren Solveig Hisdal blikket mot detaljar dei fleste overser: Ein del av ein blome på ein kinesisk porselensbolle, fargeovergangar på eit velbrukt skrog, kniplingsmønsteret på ei maurisk flis, bordene på ein bringeduk.
Det handlar om mønster, form og farge, men først og fremst er det forteljingar om impulsvandringar mellom det folkelege og det urbane, mellom land, verdslutar og samfunnslag.
Etter 15 suksessrike år har plagga nådd ut att til store delar av verda. Impulsane har vandra vidare, og ”Oleana-jakke” er blitt eit omgrep som femner meir enn deira eigen produksjon. Utstillinga byr på eigen jubileumskolleksjon med utspring i samlingane på museet.
|